BOM STOPP: Bompengeopprop har runda over 400.000 underskrifter og følgjarar. Bompengepartiet i Stavanger vil satse over heile landet.
– I staden for at det skal etablerast bompengeparti fleire stader i landet, ser vi om vi kan få til eit samarbeid med dei som aksjonerer i andre byar, seier Frode Myrhol i partiet «Folkeaksjonen nei til mer bompenger» i Stavanger.