Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Belgias dyktige sjangerfilmekspert Michaël R. Roskam blir felt av eigne, oppblåste ambisjonar.

Bibi og Gigi – ein klisje

IKKJE NOK: Korkje skodespelartalentet eller sex-appellen til Adèle Exarchopoulos (Bibi) og Matthias Schoenaerts (Gigi) kan hindra actionfilmen «Racer and the Jailbird» i å bli langdryg. FOTO: STORYTELLING MEDIA

Gode actionscener og store skodespelarar, men filmen heng ikkje på greip.

(Le Fidèle, Belgia/ Frankrike/ Nederland, 2017)

Med: Matthias Schoenaerts, Adèle Exarchopoulos

Regi: Michaël R. Roskam

Manus: Thomas Bidegain, Noé Debré, Michaël R. Roskam

Lengde: 2 t. 10 min.

Når ein les kven som er involvert i «Racer and the Jailbird», kan ein tilgjeven for å kjenna sterk lyst til å sjå filmen, som òg kan skilta med det fysiske kjærleiksforholdet mellom to adrenalinjunkies: Bibi: Ei sexy kvinne som køyrer racerbilar. Gigi: Ein sjarmerande mann, som på spektakulært vis ranar bankar.