TRAKASSERING: Studentar skal få ombod som passar på rettane deira og hjelper dei i trakasseringssaker.
Stortinget bad i februar regjeringa om å lage eit lovforslag for studentombod. Allereie i fjor haust fremja Ap forslaget om at alle utdanningsinstitusjonar må sikre at studentane har tilgang til eit ombod. Også regjeringspartia Høgre, Frp og Venstre slutta seg til.