Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frå gamle mytar til metal yoga: Kva er det unge folk finn i vikingtida?

Midgardsmenneske

MODERNE VIKING: Einar Selvik syng Edda-poesi på festivalen Midgardsblot – og får med publikum på Håvamål-allsong. FOTO: STIG PALLESEN/STIPA PHOTOGRAPHY Stig Pallesen

Moderne vikingar i full mundur og blackpackers – svartkledte metalfans frå utlandet – framfor same scene: Einar Selvik frå Wardruna står der skinnkledt, med skjegget i ei halvmeterlang flette, og med berre ei lyre som instrument. Wardruna er bandet som mellom anna har laga musikk til den megapopulære serien Vikings, men her, på festivalen Midgardsblot ved sida av Borrehaugane, opptrer Selvik aleine. Det blanda publikumet står andektige og lyttar til Selviks lyre og røyst; han syng eigen poesi og Edda-poesi på nynorsk og gammalnorsk. Når han er komen til siste versa av «Helvegen», frå albumet Runaljod – Yggdrasil (2013), syng vikingane og metalfolket med, alle kan visst dei gammalnorske orda frå Håvamål. Fleire har tårer i auga medan dei kved «Deyr fé, deyja frændr, deyr sjalfr it sama». Det er mektig og rørande å vera vitne til – mystisk og opplysande på same tid.

Lars Gule, Eivor Oftestad, Mina Bai, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.