«Skjelvet» er er eit godt «etter tsunamien»-drama, men familiefokuset tar effekten frå den nye katastrofen.
(Noreg, 2018)
Regi: John Andreas Andersen.
Manus: Harald Rosenløw Eeg John Kåre Raake.
Med: Kristoffer Joner, Ane Dahl Torp, Edith Haagenrud-Sande, Jonas Oftebro, Kathrine Thorborg Johansen, Stig Amdam, Catrin Sagen.
Lengde: 1 t. 46 min.
Ein treng berre sjå filmplakaten for å vita at «Skjelvet» legg Oslo i grus. Til liks med «Bølgen» (2016), produsenten Fantefilms første film om den engstelege geologen Kristian Eikjord, er også oppfølgjaren basert på eit verkeleg trugsmål: Eit jordskjelv inst i Oslofjorden, der berggrunnen er dårleg og ustabil. Dei mange som har kvidd seg for å køyra ned i Oslofjordtunnelen vil ikkje kjenna mindre ulyst etter å ha sett «Skjelvet», som greier å binda saman ei rad naturlege og menneskeskapte problem på Austlandet til eit einaste stort frampeik om ein komande undergang.