Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vedum

  • Arendalsuka, politikkens svar på Ekstremsportveko på Voss. Dei fleste partileiarane prøver på kvart sitt vis å snakke arrangementet opp. Det er jo ein slags demokratisk møteplass, dette. Heldigvis finst det unntak frå også denne regelen, og det unntaket heiter Trygve Magnus Slagsvold Vedum og er leiar i Senterpartiet. Han kallar arrangementet ein «lobbyfest» og seier til Nationen at han vil reise raskt frå Arendal for å «besøke distriktene». Vedum meiner det er strevsamt å vere i Arendal fordi det er så mange interesseorganisasjonar der.