Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Songen

  • Per Sandberg har gått av som statsråd. Det får mange konsekvensar, som til dømes at han ikkje får delteke på dei programpunkta han var sett opp på under Arendalsuka. Eit av møta har tittelen «Sildefest, fiskeskrøner, Bjarne Brøndbo og litt politikk på norges mest høyteknologiske fiskebåt!». Eit anna arrangement lokkar med at «Gjester som Frp-nestleder og fiskeriminister Per Sandberg og tidligere partisekretær Martin Kolberg (Ap) snakker rett fra levra i kjent stil». Høgdepunktet ville nok likevel vore onsdagen, der Per Sandberg og Jørn Hoel skulle framføre ein ny song om villfisk. No får vi aldri høyre Sandberg tralle i veg om villfisk, men heldigvis kan Klassekampen her presentere låta slik vi tippar ho er. Melodi: Torskevise.