ØNSKJER ERNA: Tre sentrale politikarar i Hordaland har meldt seg ut av KrF. Partiets manglande retningsval slit også på tolsemda i dei andre fylkeslaga i bibelbeltet.
Først gjekk varaordførar i Bergen Marit Moltu ut. Ho fekk for ei veke sidan følgje av bystyremedlem Elisabeth Leirgul. Dei to varsla samstundes overgang til Partiet De Kristne (PDK). I helga melde fylkesvaraordførar Pål Kårbø seg ut og varsla innmelding i Høgre.