UNDERVISNING: Regjeringa kjem til å krevje resultat for norskundervisninga, ikkje berre krav til eit visst tal på timar, varslar integreringsminister Jan Tore Sanner (H). – Skal Noreg ha ein berekraftig innvandrings- og integreringspolitikk, må vi lykkast betre enn det vi har gjort så langt, seier Sanner til Vårt Land. Halvparten av dei som får sosialhjelp, er flyktningar eller innvandrarar, viser Navs rapport «Fattigdom og levekår i Noreg». – Vi kjem til å stille mykje tøffare krav til dei resultata kommunane oppnår. Vi skal gå frå å måle tal på timar til å stille krav om resultat, seier Sanner. Før året er omme skal han legge fram regjeringas nye integreringsstrategi. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Grøfter
Dagboka
- «MDG og Grønn ungdom er som ei melon grønn utenpå og kommunistrød innvendig, se bare hvor mye helvete de har laga i oslo der handelstanden ligger nede for telling pga den destruktive ideologien om bilfritt sentrum og skyhøye bompenger.» Slik lyder eit tilfeldig vald utbrot i den store Facebook-gruppa «Venner av norsk landbruk», og det er lett å finne meir aggressive innlegg.