Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Turistane som reiser for seg sjølve, bruker tre gonger meir pengar per dag enn cruisturistane:

Vil ha turistar med god tid

IKKJE FULLT ENNO: Breførar Pål Kielland leder vegen, og Alla Chertkova skal få oppleve Haugabreen i Jølster. Turen går i vakre omgjevnadar og utanom turfølgje er det ikkje ein turist å sjå. Gunnar Wiederstrøm

ØNSKJETURIST: Turistnæringa ønskjer fleire turistar som vert lenge i landet, og bruker mykje pengar. Alla Chertkova er ein av dei.

Sola har varma vekk det meste av tåkeskyene i Stardalen langt under oss. Berre nokre tynne slør ligg att mellom dei grøne fjella som er spetta av kvite snøflekkar. Haugabreen er ein times gonge unna. Turfølgjet på ni personar er på veg dit. Der får dei nærkontakt med breen og ein tur på isen med tau og guide.