ØNSKJETURIST: Turistnæringa ønskjer fleire turistar som vert lenge i landet, og bruker mykje pengar. Alla Chertkova er ein av dei.
Sola har varma vekk det meste av tåkeskyene i Stardalen langt under oss. Berre nokre tynne slør ligg att mellom dei grøne fjella som er spetta av kvite snøflekkar. Haugabreen er ein times gonge unna. Turfølgjet på ni personar er på veg dit. Der får dei nærkontakt med breen og ein tur på isen med tau og guide.