Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Heilbom

  • I førre veke skreiv eg om bompengar og kom i skade for å gje ei feilopplysing. Det er ikkje rett, som eg skreiv, at Bildeleringen i Bergen betaler bompengane, medan kostnadene med å passere bomstasjonane vert fordelte på alle som leiger bil. Vi betaler for kvar passering. Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Det gjer meg høve til å skrive litt meir om bompengar. Bergen var først ute med bompengar på den tida då det eigentleg berre fanst éin by i landet. På 1600-talet var det innført ei avgift på innføring av varer til Bergen, som var ein prototyp på dagens bompengar. I 1851 stod den første Nygårdsbroen ferdig. Bønder på veg til byen med varer sparte reisetid, men ferjemennene som rodde folk over sundet tapte inntekt. Difor skulle bompengane, som også fotgjengarane betalte dekke tapt inntekt for ferjemennene i tillegg til å betale ned lånet til brua.