Dei siste dagane har NHO Arktis og NHO Luftfart hatt ein interessant kronikk på trykk i ei rekkje lokal- og regionaviser i Nord-Noreg. Teksten handlar om noko som er heilt avgjerande for landsdelen, nemleg flytilbodet. I denne delen av landet er ikkje flyreiser eit luksusgode, men heilt naudsynt for at landet skal hengje saman: Når Troms og Finnmark blir eitt fylke, vil det ta ni–ti timar å køyre mellom dei to administrasjonsstadane Tromsø og Vadsø. I lufta tek det ein time.
TILBAKE I MANESJEN: Helga Pedersen vil bli ordførar i Tana. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN
Ho har vore fylkesordførar, fiskeriminister, parlamentarisk leiar og parti-nestleiar. No stiller Helga Pedersen til val som ordførarkandidat for Tana Arbeidarparti.