Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forsvar for sexkjøpslova er ikkje usolidarisk.

Skeiv solidaritet

Det vart bråk mellom Ane Stø i Kvinnegruppa Ottar og Eurovision-Guru Jostein Pedersen under ein debatt på Pride-festivalen i Oslo, skriv avisa Vårt Land. Striden stod om kor vidt prostitusjon er «vald og slaveri» eller vanleg arbeid. Feiden var enda eit ledd i det som ligg an til å bli ein stadig meir tilspissa diskusjon om synet på prostitusjon, eller «sexarbeid» som nokre insisterer på å kalle det. Språk er også politikk.