«Shoah»-regissør død
Notert:

Den franske dokumentaristen Claude Lanzmann er død, 92 år gammal. Lanzmann vil bli hugsa for sin banebrytande dokumentar om holocaust, «Shoah» (1985). Filmskaparen var her aktivt med som svært pågåande intervjuar både av overlevande jødar frå dødsleirane og av tidlegare nazioffiserar. Den ni timar lange filmen er eit viktig historisk dokument og ei skakande oppleving, der Lanzmanns engasjement for å dokumentera folkemordet på individ og systemnivå smittar over på sjåaren.Guri Kulås
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn