![Litteratur](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/1680fe9b4de035503adc4dafbc166a8b63fccff9-1258x1399.jpg)
Helge Torvund
Tidslys
Litteratur
Aschehoug 2018, 145 sider
Mange av dagens kunstnarar held den tyske teologen Meister Eckhart (1260–1327) svært høgt. Helge Torvund er ein av desse. Ein tanke ein finn hos mystikaren Eckhart, er at det guddomelege finst som ein gneiste i alt som er. Ikkje som eit attskin av Gud, slik romantikarane tenkte seg, men som eit nærvær.