Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norsk verft byggjer kystvaktskip

STOR KONTRAKT: Forsvaret har bestilt tre nye kystvaktskip til ein samla verdi på 6,8 milliardar kroner. Fartøya skal byggjast ved verftet Vard Langsten i Møre og Romsdal. Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) besøkte verftet i Tomrefjord tidleg måndag morgon, skriv Sunnmørsposten. Verdien av kontrakten for Vard er på 5,2 milliardar kroner, mens rammeverdien er på 6,8 milliardar. Verftsdirektør Ronny Langset seier kontrakten gir aktivitet til verftet i seks år framover. – Desse fartøya skal erstatte dei tre helikopterberande kystvaktfartøya i Nordkapp-klassen, som vart tatt i bruk på byrjinga av 1980-talet, seier Bakke-Jensen.©NPK