Språkpolitikk er eit ømtålig tema i norsk kulturdebatt. Tanken om ei språkleg samling i framtida blir lite drøfta. Landslaget for språkleg samling (LSS) er ikkje lenger eit fast innslag i eit endra norsk språkråd. Lagets blad og årbok kjem ikkje ut lenger. Etter at Stortinget vedtok to norske skriftformer, bokmål og nynorsk, «for ever» og Arbeidarpartiet vraka den språklege samlingspolitikken frå Halvdan Koht, har samlingstanken fått lita politisk støtte. Koht meinte som kjent at «striden for folkemålet er kultursida av arbeidarreisinga». Slik sette han tonen for språkreforma i 1938, som LSS går attende til, men som i dag ofte får det glatte lag. Det kan likevel vere grunn til å minne om at den språklege samlingstanken og LSS framleis eksisterer.
Kvifor står konservative krefter i målrørsla og i Riksmålsforbundet saman om å innskrenke språklege val?