Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skal granske Sjømatrådet

VURDERING: Noregs sjømatråd skal granskast av Riksrevisjonen. Dei meiner at rådet ikkje har rapportert godt nok. – Kvart år plukkar vi ut fem-seks selskap for ei litt grundigare vurdering. For revisjonsåret 2018 har vi plukka ut Sjømatrådet, seier ekspedisjonssjef Therese Johnsen i Riksrevisjonen til Fiskeribladet. Ho seier at Riksrevisjonen etter å ha gjennomgått den vanlege revisjonen av rekneskap, økonomi, årsrapporten og resultatrapportering har funne grunn til å ta ein grundigare gjennomgang. – Noregs sjømatråd har visse sektorpolitiske mål og skal drivast effektivt. Dei har ikkje rapportert så godt på desse måla sine, seier Johnsen.©NPK

Bildetekst tbda7d9b: