Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Samspel: I fotball kan kollektiv kraft opne for individuell utfalding.

Fotballens former

SAMARBEID: Filosof Simon Critchley skriver om fotballens sosialistiske vesen. FOTO: CRISTOPHER OLSSØN Christopher Olssøn
Litteratur

Simon Critchley

Det vi tenker på når vi tenker på fotball

Litteratur

Oversatt av Audun Vinger

Tiden 2018, 200 sider

Sjølve fotballen er rund, men dei mange formene spelet og organiseringa av det tek, er det ikkje like lett å samle tankane rundt. På bana har taktikk og teknikk blitt stadig meir avansert. Utanfor bana har det vakse fram eit verdsomspennande fotballindustrielt kompleks, der pengar og posisjonar styrer alt. Mellom det som føregår på bana, og det som føregår utanfor, opnar det seg ein avgrunn av sjølvmotseiingar, paradoks og hykleri. Kan det vere fordi fotball er ein sosialistisk sport i kapitalismens tidsalder?