Etiopia er ikkje ute av faresona
Etiopia sin nye statsminister, som kjem frå det tradisjonelt undertrykte oromo-folket, har fått status som Afrikas nye mirakel-statsleiar på rekordtid. Politiske fangar er lauslatne, unntakstilstanden er oppheva og landet har akseptert ein fredsavtale med Eritrea. Her heime let justisminister Tor Mikkel Wara seg begeistra over eit Etiopia i endring, og luftar høvet for at 521 etiopiske flyktningar no kan returnerast til heimlandet. Men det er grunn til å vere varsam. Vi kan ikkje ta for gitt at menneskerettssituasjonen på bakken har endra seg fundamentalt.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent