Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Streikefare i flysektoren

SOMMERSTREIK?: Det kan gå mot kaos i fellesferien. Norsk Flytekniker Organisasjon (NFO) braut hovudforhandlingane med NHO Luftfart 8. juni fordi NHO ikkje ville imøtekomme flyteknikarane på nokon av punkta som var viktige for dei, blant anna helse og nattarbeid. Medlemmene i NFO kjem frå både Norwegian, SAS og Widerøe, og det er varsla plassoppseiing for 430 av dei rundt 500 medlemmene i tariffområdet. Meklinga er sett til 26. juni. Tysdag denne veke vart det i tillegg forhandlingsbrot mellom LO Stat og Spekter for medlemmer i Norsk Tjenestemannslag (NTL) i Avinor og Avinor Flysikring. Her er dato for meklinga enno ikkje sett. ©NPK