Gråt er forakt for politikk, gråt er eit våpen
Korleis skal ein fortelje om behov for hjelp, eigentleg?

I løpet av det siste halve året har eg halde ei rekke føredrag om livet med eit autistisk barn, og om politisk aktivisme på vegner av dette barnet. Før kvart føredrag brukar eg å seie at det kan godt vere at eg byrjar å gråte i løpet av føredraget, men at publikum ikkje må ta seg nær av dette, ettersom eg alltid klarer å gå vidare likevel. Når dette først er sagt, så pleier det å gå bra, eg klarer å snakke om emosjonelt krevjande tema utan å skjelve i stemma.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent