Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skavlan

  • Knut Bjørnsen var sjølve flaggskipet til NRK fjernsyn på 1960-, 70- og 80-talet. Han var sportsreporter med spesiale skøyter og friidrett. Han og Per Jorsett var eit radarpar. Jorsett med kontroll over rundetider, Bjørnsen som entusiastisk, men alltid korrekt reporter. For meg, som 1970 skulka siste timen laurdag for å sjå 500 meter i EM i Innsbruck, var Bjørnsen ein helt. På 1970- og 80-talet vart det like doser sport og underhaldning for Bjørnsen. Han var sjølve «Kvitt eller dobbelt»-generalen like fram til 1994. Då var mi interesse for både skøyter og Bjørnsen bleikna.