Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nybakte mødrer får bli 2,8 døgn

FØDEAVDELINGA: Liggjetida for fødande har vore nokså stabil det siste året, men er korta kraftig ned dei siste ti åra. I 2017 låg mødrene på sjukehuset i 2,8 døgn. Dei siste ti åra har gjennomsnittleg liggjetid for mor gått ned frå 3,1 døgn til 2,8 døgn. I 1999 var denne liggjetida 4,1 døgn, viser tal frå Folkehelseinstituttet. Det er ein debatt om kor lenge mor og barn bør få bli på sjukehuset. Det dreier seg blant anna om å hjelpe mor med å komme i gang med amming. Ein ser at dei som har fått barn tidlegare, blir kortare på fødeinstitusjonen enn førstegongsfødande. Dei fødande i Levanger og på Tynset ligg lengst med 3,5 døgn.©NPK