
LANDSMÅL
Jan Inge Sørbø har skrive om eit språk i utakt: nynorskens litteraturhistorie.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnentVerdsvend: Jan Inge Sørbøs nynorske litteraturhistorie viser at Ivar Aasens enkeltmannsføretak har blitt verkeleggjort gjennom eit kollektivt krafttak.
Så vidt eg kan hugse, var det mormor mi som meldte meg inn i ein bokklubb då eg var liten, og som såleis sørgja for at det jamleg kom bøker – dei fleste skrivne av Astrid Lindgren – i postkassa. Sjølv om eg både las og blei lesen for om Emil, Pippi og Ronja, om brørne Løvehjarte og barna i Bakkebygrenda, var eg berre måteleg interessert i bøkene, og dagane då det kom pakke frå bokklubben kunne på ingen måte måle seg med dei dagane det kom pakke frå Boing-klubben, med harde fakta og fiktive forteljingar frå fotballverda. Først då eg var eldre, og mormor var borte, fann eg fram til bøkene, og byrja så smått å forstå kvifor ho hadde meint at dette med lesing var viktig. For min del blei det vegen til å forstå kvifor dette med språket også kunne vere viktig.
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent