SAKTE: Ingen vil vere med SV og Raudt og forby profitt i barnehagar. No går partia inn for ein treigare strategi for å dytte Ap, KrF og Sp dit dei vil.
– Å stoppe profitt på skattebetalarars og foreldres pengar, er eit enormt populært krav i folket, men berre to parti meiner det. Då slår vi kreftene saman for å prøve å presse Stortinget i riktig retning, seier Audun Lysbakken i SV.