Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Visst gjer det vondt

Karl Ove Knausgårds «Om våren» er blitt vakkert og velspela teater.

TETT: Inderleg samspel mellom far (Torbjørn Eriksen) og dotter (Eili Harboe) i «Om våren» ved Rogaland Teater. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

Rogaland Teater, Teaterhallen

Av: Karl Ove Knausgård.

Dramatisering, regi, scenografi og videodesign: Anders T. Andersen.

Komponist: Adrien Munden.

Lysdesign: Karl Oskar Sørdal.

Kunstverk: Dag Alveng, Tom Sandberg, Per Maning og Geir Yttervik.

Med: Torbjørn Eriksen, Eili Harboe, Ragnhild Arnestad Mønness, Marianne Holter, Ragnhild Tysse og Roar Kjølv Jenssen.

For dei som har lese Karl Ove Knausgårds roman «Om våren», er det vanskeleg å forstå at ei beretning om ein dags hendingar, fortalt som eit brev til forfattarens tre månader gamle dotter, skal vere mogeleg å dramatisere. Boka handlar om alle dei trivialitetane som til saman utgjer livet vårt, og er i røynda ein kjærleikserklæring både til forfattarens næraste familie og til livet.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?