Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skammens skule

STATUS QUO: Simon Malkenes fører ein målretta kamp på vegner av dei dagens inntakssystem ikkje fungerer for. Svaret er knebling, reprimande og ein sjukmeldt lektor, skriv Roar Ulvestad. FOTO: JOHN TRYGVE TOLLEFSEN John Trygve Tollefsen

Status i det vi slår opp augo i dag er at saka i etterkant av lektor Malkenes sin anonymiserte skildring av typisk elevatferd på Ulsrud vidaregåande skole er fylgjande: Ein skriftleg reprimande. Ein sjukemeld lektor. Ein klasse som følte seg krenka, men som i røynda var ein elev eller to. Ein avdelingsleiar med ryktet intakt etter å ha lånt vekk lærardatamaskin. Ein rektor som trur han har gjort alt rett. Ein utdanningsdirektør som har låst seg inn på kontoret medan ho ventar på at stormen løyar. Ei skulepolitisk leiing i Oslo som vil ha plakatar og seminar. Ein elevorganisasjon som ikkje evner å sjå at Malkenes sine utsegner var verkemiddel for å gje dei ein betre skulekvardag, uavhengig av sosiokulturell bakgrunn. Eit skule-Norge som lurer på kva det er som skjer i Oslo-skulen og kor lenge dette sirkuset skal få lov til å rulle å gå. Status quo er atter oppretta.