Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Diktaren på stolpesko

Arnold Eidslott var lyrikar og telemontør gjennom eit langt liv. Ein NRK-dokumentar om Eidslott frå 1994 opnar med eit nærbilete av to stolpesko som stolprar seg opp ein telestolpe, før biletet dreg seg ut og viser diktaren øvst i stolpen med utsikt over fjorden og Sunnmørsalpane. Der kom det dikt til han, som han klauv ned for å feste til papir. For Eidslott handla det om å hente ned dikta: Diktinga var eit kall, og han rekna seg som utvald av Gud til å forkynne gjennom poesien. Denne oppgåva tok han med stort alvor, men også med openheit for formene han fann i poesien: «Når dikta kjem, så kjem dei med stor kraft. Eg kjenner meg myndig som Cæsar når eg skriv», seier han i dokumentaren.