… at Stordalens nye forlagsfamilie held fram med å stå for dei fleste av bokbransjens nyheiter, til trass for oppstyret rundt Svenska Akademien. Bok 365 melder at dei no har rekruttert inn Sarah Natasha Melbye som forlagssjef, og dessutan krimforfattaren Eystein Hanssen. Ikkje minst var Stordalen sjølv til stades på bokmessa i London denne veka.
SYSTEM: Knudsen utleverer menneske og dyr til den teknologiske og økonomiske utviklinga. FOTO: TOMMY ELLINGSEN Christopher Olssøn
Cathrine Knudsen
Den siste hjelperen
Litteratur
Pelikanen 2018, 272 sider
Vi går inn for landing i opninga av Cathrine Knudsens sjette roman, «Den siste hjelperen». Eg-et som fortel, lèt att auga og gjer seg klar for at hjula på flyet skal treffe bakken, «fylt av tillit til den ukjente som betjener maskinen». Men flyet landar ikkje, og Knudsens prosa glid inn i ein merkeleg mellomtilstand, der lesaren ikkje er sikker på kva som skjer og ikkje: Sit forteljaren i eit fly, eller er ho ein slags drone i ein draum? Frå flygemaskinens fugleperspektiv forsøkjer ho å sirkle inn bustadområdet og huset der ho bur med barna. Ho ser ikkje huset, ser ikkje barna, men kjenner dei: «[F]ølelsene mine greier å hente ut de røde varmebølgene som kroppene deres avgir […]. Den røde langbølgete strålingen som gjør at alt levende røper seg. Som utleverer alt levende som prøver å gjemme seg.»