Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tunnelsyn

PÅ SPORET: Alle indisier peker foreløpig mot Putin. REMY GABALDA

Nato-land har nyleg vist bort russiske diplomatar i fleng. Norge går naturlegvis i takt. Det dreiar seg om straff for Putin-regimets påståtte forgifting av ein tidlegare spion og dobbelagent og dotter hans i England. At Putin-regimet stod bak denne illgjerninga, er enno ikkje gjort sannsynleg. Framgangsmåten til «detektivane» inneber dessutan eit parade-eksempel på tunnelsyn i etterforskinga. Fagtermen «tunnelsyn» står for ein feil som det alltid er freistande å gjere, og som ein dermed må vere obs på. Den går ut på å binde etterforskinga til ein hypotese og dermed ein type spor alt frå starten. Sjansen for å finne den skuldige, blir då sterkt redusert. I det aktuelle tilfellet har Nato-berserkane dessutan satsa stort på den minst sannsynlege blant ei rad mulege hypotesar.