Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Flyreisene og Vetlesen

Alf Skjeseth (16. februar) prøver å sitere meg i kommentaren «flya går likevel» ved å bruke artikkelen min «om reisevaner, cocktailar og klimaeffektar» publisert i magasinet KLIMA (30. januar). Han får fram mykje av det eg skreiv, og eg synest det er hyggjeleg å bli omtalt i Klassekampen. Men dessverre er sitata delvis tatt ut av samanheng, og det er gjort omskrivingar som ikkje dekkjer meiningsinnhaldet av det eg skreiv. Jau då, flyet går likevel om du ikkje tar den eine turen. Men viss alle tenkjer slik, er dette ein logikk som ser rar ut. Deretter blir det ein følgjefeil der Arne Johan Vetlesen (27. februar) siterer det han trur er meg i ein kommentar om ansvaret for klimaeffektane av å fly. Ettersom Vetlesen er ein av dei store favorittane til far min, ser eg mitt snitt til dobbel vinning med denne replikken; å rette opp familiens ære samstundes som eg får peika på den feilaktige vinklinga i kommentaren Vetlesen kommenterte.