Ei særs spennande, kreativ og dyktig nytolking av ein klassikar som langt frå var skriven for ungar.
Hålogaland Teater, Scene øst
Av: Franz Kafka.
Regi og tilarbeiding: Eline Arbo.
Scenografi og kostyme: Sarah Nixon.
Maskedesign: Leo Thörn.
Med: Gunnar Eiriksson, Maria Agwumaro, Kristine Cornelie Margrete Hartgen, Martin Karelius Østensen og Ida Løken Valkeapää.
Det skjer mykje spennande i norsk barneteater for tida. Oppsetjingar som tek barna på alvor og er laga på barnas eigne premiss, og stadige omskrivingar av gamle klassikarar for yngre målgrupper. Torsdag hadde Hålogaland Teater premiere på Franz Kafkas vidgjetne kortroman «Forvandlingen» med tittelen «Gutten som ble et insekt».