Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Dagboka

På sporet

  • Torsdag kveld var eg ute på skitur. Sporet låg der som trikkeskjener i lysløypa. Sognsvann i Oslo ligg rett ved Kringsjå, ein av dei store studentbyane, slik at løypa ofte er full av utanlandsstudentar som prøver seg på dette mystiske, norske langrennet. Med lilla voks under skia var det berre å sveive av garde: Innover i den fine, stille skogen. Når ein fyrst kjem inn i takta på skia, er det som om ein ikkje kjenner etter korleis ein går. Dermed tok det ei stund før eg oppdaga at noko var gale: Sporet såg heilt perfekt ut, men løypemaskina hadde ikkje pakka snøen til høgre for sporet. Dermed var det berre laussnø der eg skulle setje høgrestaven. Det hjelper dårleg at resten av løypa er perfekt preparert når det berre er éin stav som er fullt brukande: Heile kroppen kjem i utakt. Det blir ikkje berre høgrearmen som diltar etter.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?