- Medan OL i Sør-Korea er i ferd med å blåse bort, er det tid for å minne om kor mykje betre handlag vi har med vinteridrett her i landet. I Dagbladet gnikkar og gnur tromsøværingar framleis på sitt tapte vinter-OL, og samanliknar det flotte vintervêret nordpå med stormkasta i Pyeongchang. Alle burde visst at vêret ville bli supert dersom Tromsø fekk OL, for det er det jo alltid. Samstundes har nostalgien om den knekte staven til Oddvar Brå under ski-VM i 1982 fått nytt drivstoff, for sjølvaste The New York Times skriv utførleg om saka etter å ha fått kalde føter på reportasje i Vangsåsen.
Staven
Dagboka