FYRSTEKLASSES: Norden er eit klassesamfunn, meiner Stefan Löfven. Men LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen meiner uttrykket ikkje passar for Noreg.
Stefan Löfven er sannsynlegvis verdas mektigaste sveisar. Som statsminister i Sverige har han vore tydeleg på at det er eit mål å redusere forskjellane, som under den førre regjeringa auka raskare enn i noko anna OECD-land.