Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ordbok med fotlenke

I tilsvaret sitt til Ingunn Ims (1. februar) hevdar Tor Guttu (3. februar) at Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) er ei dokumentasjonsordbok som beskriv riksmål og bokmål slik dei faktisk er. Dette skil NAOB frå ei normerings- eller rettskrivingsordbok som Bokmålsordboka. I prinsippet har Guttu rett, men det er uvisst kva språk NAOB faktisk beskriv – og om ordboka likevel har ein normeringsagenda. På heimesidene til NAOB kan vi lese at ordboka er basert på Norsk Riksmålsordbok (NRO). Medan NRO hadde hovudtyngda av kjeldetilfanget sitt frå før 1907, då språket hadde dansk norm, nyttar NAOB seg òg av Leksikografisk bokmålskorpus, som inneheld bokmåls-tekstar frå 1985 til i dag.