Kan ein krevje i eit anbod at nokon skal vere snille? Det veit eg ikkje, men eg tippar kontrollorganet Esa har ein regel for det. Dette spørsmålet kom eg til å tenkje på i går, då eg las ei sak kollegaen min i avisa skreiv om vaktmeistrane ved skulane i Oslo. Etter at venstresida fekk makta i hovudstaden, blei det fleirtal for å stanse konkurranseutsettinga av vaktmeisterarbeidet. No er målet at skulen skal ha sin eigen vaktmeister.
KREV STYRING: Forbundsleiar Mette Nord i Fagforbundet meiner dei lokale lønsforhandlingane trugar solidariteten i oppgjera i kommunesektoren.
FOTO: TOM HENNING BRATLIE
– Vi svekker heile grunnlaget for det solidariske systemet om nokre stikk ifrå. Når dei med mest løn får dei høgaste lønstillegga og i tillegg får mest i skattelette, så går ikkje det over tid. Det vert særs problematisk, seier leiar i Fagforbundet Mette Nord.