Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Giske-saka påverka ikkje veljarane

UNDERSØKING: Giske-saka har lita betyding for folk når dei skal avgjere om dei vil stemme på Ap. Ei undersøking gjort av Sentio på vegner av P4 Nyhetene viser at 70 prosent av dei spurde svarte at varsla mot Trond Giske ikkje har betyding for om dei vil stemme Ap. 20 prosent svarar at saka har gjort at dei ikkje vil stemme på partiet. Valforskar og professor Bernt Aardal seier dette viser at slike saker fort blir gløymde. – I den grad det får ein negativ effekt, så er det vanleg at det ikkje er så langvarig, seier han. Undersøkinga viser at 62 prosent av unge i alderen 18 til 22 år meiner saka ikkje har noko å seie, medan 73 prosent i alderen 56 til 65 år svarar det same.©NPK