Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Endetidsdramatikk

HERRE OG TENAR: Sjølv når alt håp er ute, må maktforholda haldast ved like. FOTO: OLE EKKER Ole Ekker

Etter kvart som verda blir stadig meir absurd, framstår Samuel Becketts dramatikk i dag nesten som sosialrealisme.

Trøndelag Teater, Gamle scene

Av: Samuel Beckett.

Omsett av: Jan Erik Vold.

Regi: Øyvind Brandtzæg.

Scenografi og kostyme: Katrin Bombe.

Lysdesign: Roger Indgul.

Med: Trond Peter Stamsø Munch, Jon Lockert Rohde, Hallbjørn Rønning og Wenche Strømdahl.

Det er dryge seksti år sia Samuel Beckett skreiv «Sluttspill», det dramaet som ved sia av «Vente på Godot» er hans viktigaste og mest spela. Båe skildrar ein endetidssituasjon og den totale meiningsløysa gjennom absurd og tilsynelatande inkjeseiande dialog.