Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skal bli fleire barnehagelærarar

FLEIRE: Regjeringa har vedtatt ei skjerping av pedagognorma i norske barnehagar, og frå 1. august blir det krav om fleire barnehagelærarar i barnehagane. Frå august skal det vere minst éin pedagogisk leiar per sju barn under tre år, og minst éin pedagogisk leiar per 14 barn over tre år. I dag er minstekravet éin pedagogisk leiar per 7 til 9 barn under tre år og éin pedagogisk leiar per 14 til 18 barn over tre år. – Det er viktig at fleire av dei tilsette i barnehagen er barnehagelærarar. Dei er nøkkelen til å få til ein god barnehage, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). ©NPK