Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ber ungdomspartia skape rutinar

OPPMODING: Ungdomspartia må jobbe hardt og jamt for å skape gode og trygge organisasjonar. Mange gjer mykje bra, meiner paraplyorganisasjonen LNU. Generalsekretær Andreas Borud i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner seier fleire av ungdomspartia har nytta seg av kompetanseopplegget til rådet for å førebyggje og handtere trakassering og seksuelle overgrep. – Målet vårt er at barne- og ungdomsorganisasjonane skal ha rutinar for å førebyggje seksuelt grenseoverskridande åtferd og ha kompetanse til å hjelpe dei som likevel skulle bli utsette for noko. Det er fleire av ungdomspartia som har nytta seg av det, seier Borud.©NPK