Julefred er lesefred. Kvart år er mitt djupaste juleønske som mor, kokk og generell juleadministrator å få ro til å lesa ei større bok frå perm til perm. Eg får alltid flotte bøker i gåve, men tid til å lesa dei utan å bli avbroten kvart femte minutt, er det verre med. Heldigvis går ikkje julebøkene mine ut på dato, så eg kan enno tilrå fjorårets gåve, som eg friskt prøver å fullføra i år: «Dynastiet Romanov» (Cappelen Damm) av Simon Sebag Montefiore, godt omsett av Rune R. Moen. Briten Simon Sebag Montefiore, som sjølv har ei interessant jødisk familiehistorie frå Baltikum, har gjort seg nytte av russiske arkiv for å gje allmenta innsyn i russisk og sovjetisk makthistorie i bøker som «Potemkin og Katarina den store», «Den unge Stalin» og «Stalin – Den røde tsarens hoff». Alle omfattande, men lettlesne og illustrerte. Også «Dynastiet Romanov» er meir enn den brutale, vodkamarinerte familiehistoria til tsarane som styrte og vanstyrte Russland frå 1613 til 1918. Her får vi oversyn over dynastiske band i Europa og eit overblikk over geopolitikk i Europa og Asia sett frå Russland. Montefiore skriv som ein dyktig romanforfattar, men nyttar historikarens fotnotar. Her finn ein mange ekko i samtida frå historia om maktkonfliktar i blant anna dagens Polen, Ukraina og Tyrkia. Guri Kulås