Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hagen-dommen

Det er kampanje i gang for å få Carl I. Hagen inn i Nobelkomitéen. Fredag 24. november slutta Klassekampen seg til – på leiarplass. Kva er det dei vil med å la denne mannen peika ut fredsprisvinnarar? Er det ukjent, eller gløymt, at Carl I. Hagen har dom i Høgsterett for at aviser og andre med god rett kalla Hagen og partiet hans rasistisk?

Hagen gjekk til Høgsterett for å få vaska av seg ordet Rogalands Avis hadde nytta. Rasist-ordet hadde avisa brukt med god grunn, sa Høgsterett. Den politikaren som har ein såvoren dom er lite aktverdig og snautt respektabel. Vi må kunna slå fast at med denne dommen er Hagen uverdig til å dela ut fredspris på vegner av det norske folket.

Dommen fekk Hagen for ein del år sidan. Ikkje med eit ord har han gått tilbake på det som med denne dommen er rasisme. Er det annleis i dag? Den hatefulle politikken til Listhaug og Jensen er meir insisterande og meir målretta enn Hagen var.

Anders M. Andersen, Stavanger