Du kan bla til neste sideBla med piltastene

• Bergenspoet testar romanforma med ei kulturhistorisk vegbok • Gjev ansikt til austlandshatet

Vått vestlandsk opprør

MOT STORREGION: Erlend O. Nødtvedt, romanaktuell med «Vestlandet», likar ikkje at Hordaland og Sogn og Fjordane vil slå seg saman. – Dette er ei bok som forsvarer det særeigne, seier han.

Det er vått, vindfullt, opprørsk og forfylla når poeten Erlend O. Nødtvedt tek ein avstikkar til romanen. No kjenner han på smaken av suksess.

– Eg har fått ei tekstmelding om ein god kritikk i Dagsavisen, seier Erlend Nødtvedt.