•Venstre er eit lite parti der det kan skje store ting, sjølv på temmeleg kort tid. I vinter gjekk partileiar Trine Skei Grande ut og trua med at Venstre ville presse Framstegspartiet ut av regjeringa. Så gjekk Venstre til val på å få til ei blågrøn regjering saman med Høgre og KrF, der Frp ikkje skulle få bli med. Deretter gav Grande garantien om at borgarleg fleirtal skulle gi borgarleg regjering. Kanskje fekk dette løftet og stemmene til taktiske Høgre-veljarar partiet over sperregrensa. No feirar Venstre det som ein stor siger at partiet har komme seg over 4 prosents oppslutning i to val på rad. Samtidig ser det ut som om partiet gjer seg klare for å gå inn i regjeringssamarbeid med Frp, mens venstrefolk i pressa heiar frå sidelinja.