Stortingsrepresentantane Kirsti Bergstø og Torgeir Knag Fylkesnes – begge frå SV – har vist fin omtanke for språksituasjonen i dei to nordlegaste fylka våre, og dei har også forstått at ei grundig opprydding må til. Det viser forslaget dei kom med – at Stortinget bør utnemne ein offentleg granskingskommisjon – som også kan fungere som ein sanningskommisjon for alt av fornorskingspolitikk og urett som har vore utøvd mot det samiske og det kvenske folket.
Kvenane blir gløymde i diskusjonen om fornorskingspolitikken. Er myndigheitene framleis redde for at dei ikkje er norske nok?
Sanningskommisjon, ja takk
Med andre ord