Eid og Selje skal snart bli nye Stad kommune, men grensar ikkje til kvarandre. Dei grensar derimot til Vågsøy, som på si side slår seg saman med Flora. Men Flora grensar ikkje til Vågsøy. Det gjer derimot Bremanger, som ligg midt mellom Flora og Vågsøy, men som ikkje vil slå seg saman med dei meir folkerike grannane i nord og sør.