Olav og øyer
Mange nordmenn trur islandsk og færøysk er like språk. Der tek dei feil.

Fire dagar sidan var det olavsøka. Ingen stad er olsok så stort som på Færøyane. Det er deira nasjonaldag. Og ingen stad i verda feirar dei nasjonaldagen på dét viset – feiringa skjer berre i hovudstaden, ikkje på dei andre øyane. Frå alle øyar og frå stader i Skandinavia og elles i verda kjem det folk. Tórshavn har rundt 20.000 menneske til vanleg, men olsokafta og olsokdag er det om lag 50.000 menneske i byen. Ikkje ei seng å oppdriva. Forresten uroar det lite, folk søv ikkje den natta likevel. Dei er ute i byen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent